concert reviews (norwegian)

______________________________________________________________________________

Written by Katrine Sele for FIRDA. (link)
Published 28/02/12.
Concert: Åmot Operagard, release concert, 25/02/12.

(SÆREIGNE SONGAR: På lanseringskonserten framførte Thea Hjelmeland songar med brei variasjon, og hadde fullt tak på publikummet sitt.)

Sart, svart, rocka

Av og til syng Thea Hjelmeland nesten så lågt som eit vindpust. Slik starta ho lanseringskonserten sin på Åmot Operagard i helga – med tonar så spede at musikken nærmast verka gjennomsiktig. Eg tenkte på lydane mellom trea i ein skog, eller refleksjonane i eit tjern. Effekten var spesiell – som om publikum blei inn- vigde i eit eige, hemmeleg rom.

Den 25 år gamle artisten frå Førde – delvis basert i Paris – har framført eigenkomponert musikk heilt sidan ho var berre tretten år gammal. Lanseringa av den første plata hen- nar, «Oh, the third…» er lenge etter- lengta av Hjelmeland sjølv. Innspe- linga på Øra studio i Trondheim var ho ferdig med for to år sidan, så ho har vore klar med dette stoffet lenge.

Så klar at ho i all spenninga og for- ventninga nesten mista stemma i forkant av konserten, gjekk det fram seinare. Det hindra henne ikkje i å gje publikum ei stor og særeigen oppleving laurdag kveld.

EIT ROM MED VEGGENE dekte av gam- le kjolar – truleg innkjøpte frå diver- se frå loppemarknader – var det som møtte publikum før konserten. Kjo- lar som Hjelmeland har brukt som artist, og som er nært knytte til ar- tist-imaget hennar: Her er det ekte vare som gjeld, gjerne litt slitent og rart. Divaaktig, men ikkje perfekt. Blondar, pufferme, sterke fargar og eksotiske snitt prega samlinga, nes- ten som kostyme frå eit teater.

Å høyre konserten hennar var også litt som å vere på teater. Når Hjelmeland syng, speler ho eit vidt spekter av roller, går inn i ulike his- torier og lagnader. Det er aldri noko utvendig ved framføringa hennar. Stemma er fascinerande rå og upo- lert.

Med seg hadde ho musikarane El- len Andrea Wang (bass, piano og ko- ring) og Peter Baden (perkusjon). Sjølv spelte ho vekselvis gitar, pia- no, ukulele, banjo og mandolin. Lydbildet var utruleg variert – frå det stillferdig, klimprande til verke- leg rocka, rytmesterke og høglytte passasjar. Basspelinga til Wang gav musikken ei djupne, noko som fun- gerte svært bra i lag med dei tidvis tynne tonane til Hjelmeland, og per- kusjonen til Baden var spennande og nyansert.

I ein song som «It’s too late» var Hjelmeland og bandet innom heile spekteret: eit langt, bevrande re- freng, så stille og fylt av lengt at lyt- taren etter kvart vender merksemda innover i seg sjølv: Kva er det eg lengtar etter? Sidan byggjer songen seg opp til noko vilt og frigjerande. Eg likar korleis Hjelmeland fortel historier med songane sine. Samstundes er eg ikkje alltid like overtydd av tekstane hennar. Nokre gonger verkar ho å ha byrja på noko bra, utan heilt å fullføre det. Det vert for vagt. Andre gonger klarer ho det svært så bra, som i den fantastiske songen «In this town», inspirert av den mystiske lagnaden til ei framand dame i rullestol som i kort tid budde i Førde, og som ingen visste kven var.

NOKO MÅ SEIAST om sjølve scene- nærværet til Thea Hjelmeland, for det er sterkt.Ho har ein utruleg av- slappa og fin dialog med publikum. Folk lo godt av dei uhøgtidelege skildringane hennar av slitet med å «finne seg sjølv» og av den uglamo- røse prosessen det er å få gitt ut plate.

Det er berre å håpe at plata og dama vert høyrt av mange. Ho er ein artist med stor sjarm, og mot til å ut- trykkje det aller såraste i oss.

___________________________________________________________________________

Written by Tor Lindquist for RadioRevolt.no (link)
Published 18.02.12.

Thea Hjelmeland på Victoria Nasjonal Jazzscene

Med torsdagens plateslipp på Mono friskt i minne strålte sangfuglen fra Førde med selvtillit da hun inntok scena på Victoria. Jaja, nok en sånn der syngekjerring med noen sytete tekstertenkte vi, da hun satt seg ned på krakken med gitaren i fanget. Kan man ta mer feil? Dette er noe av det beste undertegnede har hørt på lang lang tid.

Glimrende og dristig vokalprakt fremført med bunnsolid bakkekontakt. Avslutningslåta It’s Too Late sprengte sikringsboksen til undertegnede. Stående applaus!

___________________________________________________________________________

Written by Eirik Kydland for BT / Bergens Tidene.  (link)
Published 16/03/12.

«Konsert, Mono, Bylarm 2012»

Sjuårssteg
Thea Hjelmeland er tilbake.
5/6
Sju år etter at Førde-jenten Thea Hjelmeland vant Eggstockfinalen, og dermed fikk forventninger og lovord sendt i sin retning, kommer debutplaten «Oh, The Third», produsert av blant annet Jarle Bernhoft. Plateslippet ble markert på Bylarm torsdag kveld med en konsert der Hjelmeland, som hun selv sa det, «spilte med fullt band for første gang siden hun gikk på videregående».

Mange lange tidslinjer her, altså, men de som måtte frykte rust og surr, kunne puste lettet ut i den tunge Mono-luften. For noen ganger er det best å ikke haste frem selv om man «har sjansen», noen ganger er modning den rette resept. Det er kanskje Hjelmeland et eksempel på. Årene siden sist har hun nemlig sanket inspirasjon og erfaringer på Cuba, bodd i Paris, og vært borti både folkemusikk, elektronika og Lars Vaulars rapplater.

Men nok anekdoter, hvordan var egentlig konserten? Jo, vi får høre vakre, neddempete viser med islett av både folk, jazz og franske gatehjørner – en del valsetakt, perkusjonsdetaljer og kabaret-aktige nynnepartier. Velkjente virkemiddel for fans av Hanne Hukkelberg eller amerikanske Beirut. Hjelmeland er bakket av kontrabassist og trommeslager, og veksler selv mellom å traktere banjo, gitar, ukulele og mandolin.
I begivenhetenes sentrum står likevel Hjelmelands stemme, som virkelig har utviklet noen nye nivå siden sist. Her får vi klare og rolige partier, jodling og noen reale skrik – det er som om hun gjennom stemmen gestalter ulike sider ved seg selv eller figurene hun synger om. 

Dermed er stemmen hele tiden i utvikling, noen ganger går det kanskje noe over stokk og stein, men stort sett gir det musikken kontraster og gjør den til noe mer enn bare “det fine”, for å spøke litt på bekostning av Hjelmelands tidligere artistnavn. Mot slutten av konserten får vi kveldens høydepunkt, låten “It’s Too Late”, som med sitt krystallklare mellomparti fikk meg til å glemme tid og sted et lite øyeblikk.

____________________________________________________________________________

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s